Menu
Your Cart

Helle Audun 2024 LTD

Helle Audun 2024 LTD
Helle Audun 2024 LTD
Helle Audun 2024 LTD
Helle Audun 2024 LTD
Helle Audun 2024 LTD
Helle Audun 2024 LTD
Nøkkelord: Helle
Helle Audun 2024 LTD
  • Status: på lager
  • Model: Helle Audun 2024 LTD
Antall solgte 1
Antall visninger: 1039
1.699.00,-
Ekskl. mva: 1.359.20,-
Kjøp

Limited edition-kniven 2024 frå Helle er designa av skaftmester Audun. Frå 1973 jobba Audun først med bestikket, før han tok over som skaftmester og formann. Dei siste 50 åra har han jobba med og for tre generasjonar på Helle og spelt ei sentral rolle i arbeidet med mange av våre interne design. Helle har utvikla seg med Audun, og Audun har utvikla seg med Helle.

– Dette har vore ein god jobb heile livet. Etter at eg kom heim til kona og ungane då dei var yngre, låg det alltid nokre trespon frå kleda mine på badegolvet. Då sa kona mi til ungane: Det er spona vi lever av.

I år har Audun laga sin eigen favorittkniv, basert på over 50 år med kunnskap og erfaring. Det ferdige produktet er ein fantastisk kniv som inneheld både det nye og det gamle frå Helle. Den har eit klassisk stålblad i H3LS-laminat med skandinavisk slip og ein liten drop. Forma og størrelsa på bladet gjer den ideell som turfølge for alle føremål.

Spesialolje i skaftet

Skaftet består av to av Audun sine favorittmateriale. Frontstykket er laga av reinsdyrhorn, beskytta i front av ei rustfri stålplate. Dette frontstykket er enkelt integrert i eit farga skaft av masurbjørk. Oljeblandinga som gir farge til skaftet er Audun si spesielle oppskrift, som skaper ein mørk raud og brun nyanse - ein vakker kontrast til det kvite reinsdyrhornet. Den har den ekstra bonusen at den lukter som om du nettopp har tent eit bål. Formen på skaftet har den tradisjonelle magen som er eit trekk ved mange Helle-knivar, mens den framtredande pommelen er eit nikk til nyare design.

Kniven kjem med Audun sin eigen versjon av favoritt-slira hans. Som skaftmakar elsker han bjørk, og symbolet foran på slira er eit bjørketre om våren.</p>

****

DetaljarAudun - 2024 LTD
Vekt inkl. sheath134 gram
Bladmateriale3-lags laminert rustfritt Helle-stål (H3LS)
Bladtjukkelse3 mm
Bladlengde88 mm
BladkonstruksjonStikktange
SkaftmaterialeMasurbjørk og reinsdyrhorn
Skaftlengde120 mm
SlirematerialeEkte lær (brunt)
DesignHelle Design
Designår2024











Skriv en anmeldelse

Note: ingen HTML!
Dårlig Bra