Vi er stolte av å introdusere den oppgraderte versjonen av vår mest selde bushcraft-kniv. Nye Didi Galgalu kjem i 14C28N-stål og 90-graders rygg, med eit nydeleg skaft i masurbjørk. Ikkje for stor, ikkje for liten – det er den perfekte kniven for alle dine ekspedisjonar i det fri.
Den originale Didi Galgalu vart skapt i samarbeid mellom Helle og det sørafrikanske Team Voetspore. I 2015 var den ein av dei første Helle-knivane i fulltange-konstruksjon. Dei siste åra har den blitt ein svært populær modell i bushcraft-miljøet, mykje grunna kombinasjonen av funksjonalitet og eleganse.
Kniven er stor, og passar aller best for dei som har medium til store hender. Handtaket er designa for at ein skal kunne jobbe lenge med kniven trass i størrelsen. I enden av skaftet er det ein rørnite som ein kan feste tau eller reim i.
Bladet er tynt nok til at det fungerer glimrande til det viktigaste ein kniv skal kunne - kutting og spikking. Samstundes sørger den robuste skandinaviske slipinga for at ein får nok stål bak eggen til at kniven tåler røffare behandling.
Didi Galgalu 14C28N kjem med svart slire i ekte, høgkvalitetslær med kvit saum, designa for trygg bruk.
*****
Detaljar | Didi Galgalu 14C28N |
Vekt inkl slire | 254 g |
Bladmateriale
| 14C28N rustfritt stål, polert, 59-61 HRC |
Bladetjukkelse | 3,0 mm |
Bladlengde | 132 mm |
Konstruksjon
| Fulltangt
|
Skaftmateriale | Masurbjørk
|
Skaftlengde
| 115 mm |
Sliremateriale | Ekte svart lær
|
Design | Helle i samarbeid med Voetspore |
Designår | 2015 / 2023 |