Menu
Your Cart

Helle "Rein" - 1000 ex- wordwide

Helle "Rein" - 1000 ex- wordwide
Helle "Rein" - 1000 ex- wordwide
Helle "Rein" - 1000 ex- wordwide
Helle "Rein" - 1000 ex- wordwide
utsolgt
Helle "Rein" - 1000 ex- wordwide
Helle "Rein" - 1000 ex- wordwide
Helle "Rein" - 1000 ex- wordwide
Helle "Rein" - 1000 ex- wordwide
Nøkkelord: Helle
Helle "Rein" - 1000 ex- wordwide
  • Status: utsolgt
  • Model: Helle "Rein" - LTD
Antall solgte 1
Antall visninger: 966
1.449.00,-
Ekskl. mva: 1.159.20,-
Kjøp

Årets limited edition-kniv frå Helle feirar eit av våre favorittdyr: Reinsdyret. Rein har vore eit sentralt dyr i norsk fauna i fleire tusen år, som ei kjelde for folk i Norden til kjøt for protein, skinn for varme og det viktigaste for Helle – horn til skaft.

Reinsdyrhorn er eit ettertrakta handverksmateriale av fleire grunnar. Dei er for det fyrste ei naturleg kjelde for hardt, men formbart naturmateriale. For det andre, gjer den naturlege variasjonen i mønster og farge dei estetisk tiltalande. Dessutan er skandinavisk reinsdyrhorn ei berekraftig og fornybar ressurs for skaftmateriale.

Det er likevel ein meir alvorleg årsak til at vi framhever reinen i år – den pågåande situasjonen for dyrelivet over heile kloden. Sjølv dei velstelte ville og semi-temma nordiske reinflokkane er for tida under press. Dei viktigaste trugsmåla er, som i mange delar av verda, menneskeleg inngrep. Vår 2023 Limited Edition-kniv er derfor dedikert til å auke merksemda rundt økosystema våre generelt og reinsdyra spesielt.

Dette er Rein

Rein er sjøvsagt designa med biletet av eit reinsdyr i tankane. Dette er store, elskverdige dyr som er tilpassa livet i nord. Fargane i kniven speglar reinsdyra – jordiske tonar blanda med variasjonar i kvitt.

Kniven har eit 9 cm høgpolert blad i vårt laminat H3LS-stål med skandinavisk slip. Komposittskaftet har ein tydeleg mage med like delar lær og reinsdyrhorn, innramma av eit for- og bakstykke i mørk eik. Forma er som ein klassisk norsk friluftskniv, perfekt til det meste du treng ein kniv til, anten du har tenkt deg på søndagstur eller lengre eventyr.

Kniven kjem i ei slire av ekte, vegetabilsk garva brunt lær med eit reinsdyrtrykk på framsida.

****

DetaljarRein - 2023 Ltd
Vekt inkl. slire144 gram
StålLaminert rustfritt trelagsstål - Helle (H3LS)
Bladtjukkelse2 mm
Bladlengde90 mm
KonstruksjonStikktange
SkaftmaterialeReinsdyrhorn, mørk eik og lær
Skaftlengde
110 mm
SlirematerialeEkte vegetabilsk lær
DesignHelle Design
Designår2023

Skriv en anmeldelse

Note: ingen HTML!
Dårlig Bra