Har du opplevd synet av det første dagslyset som skin gjennom trea i skogen på ein solskinnsdag? Om du gjer det, så ser du kanskje kva kjensler vår "Limited Edition" kniv for 2021 forsøker å fange i ein kniv.
Morgon følgjer i fotspora til mange av Helle sine klassiske design med samansett skaft og eit blad med fine linjer og høgpolert finish. Samstundes skil den seg frå tidlegare design i at kniven dyrkar dei mørke fargane i skaftet, og berre bryt det med gulfarga lær som signaliserer at daggryet er på veg.
Kniven er ikkje berre noko samleobjekt - som alltid har vi designa ein kniv som skal vere ein fullt funksjonell kniv som ser like bra ut med patina etter tre års bruk som den gjer på peishylla i ny tilstand. Vi er difor sikre på at denne kniven kjem til å bli eit ettertrakta samleobjekt i året som kjem, både i ny og brukt tilstand.
Kniven blir levert i ei solid slire med dobbel søm som matchar det gule i skaftet. Framsida er prega med eit bilete av "lungene til jorda".
*** Helle lagar kvart år ein modell som berre blir solgt i eit avgrensa opplag - kun 300 i Norge, og 1000 stk. på verdensbasis ***